Et anderledes online magasin om livet utendørs, mat og vin, kultur og reiser samt livet generelt.

1. august 2013

Treffer det?

Veldig bra skrevet, og kanskje til ettertanke! Traff det deg? . . . . . 

Vi flytter
Vi flytter informasjon, så mykje informasjon, fram og tilbake, hit og dit, alltid meir informasjon. Kanskje vi heller burde flytte føtene, eitt og eitt skritt om gongen?
Vi følgjer så mykje. Vi følgjer oppdateringane på Facebook, Instagram og Twitter. Vi følgjer tv-seriar, bloggar, podcastar. Men kanskje vi heller burde følgje blikket innover dalen? Følgje blikket no.

Vi høyrer
Vi høyrer mobilen ringje, den ringjer heile tida, og om den ikkje ringjer så plingar det inn nye SMSar MMSar og e-postar. Kanskje vi heller burde høyre fuglesongen, fossbruset, duskregnet mot teltduken? Naivt av meg? Eg vil vere naiv.

Vi går
Vi går på ei elipsemaskin, går og går på merkelig vis, det står ein tv-skjerm framfor elipse-maskina, den syner eit naturprogram, vi står på ei elipsemaskin og stirer på eit naturprogram. Kanskje vi heller burde gå, berre gå, til dømes inn i nasjonal-parken? Gå no!

Vi spring
Vi spring så ofte, spring runder med pulsklokkar og GPS, spring fortare og fortare, trener og trener, blir i betre og betre form, men kvar skal vi? Kvart vil vi? Kanskje vi heller burde stoppe opp ved ein støl, berre stoppe opp, kjenne på lukta, kvile i graset?

Vi glor
Vi glor inn i skjermar, men kanskje vi heller burde glo så langt auget kan sjå? Glo frå Hjelledalstind. Glo frå Hårteigen utover Hardangervidda. Glo frå Horninndalsrokken ut heile Hjørundfjorden.

Vi kliv
Vi kliv mot meir løn, større eigedom, betre bil, fleire ting, meir av alt. Kanskje vi heller berre burde klive? Kive eit fjell. Klive ekte fjell. Klive fjellet no.


Min kjære mor i fjellheimen en gang på 70-tallet



                                                                                                                Fra friluftsmagasinet UTE, 
                                                                                                       fritt gjengitt etter Eivind Eidslott
                                                                                                                 Bilde (c) Marit Jørgensen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar